Sverre Jensen

“Harpetreffet på Gjøvik 4.–7. november 2010 var det tredje i rekkja av nordiske harpetreff. Det var fyrste gongen treffet vart arrangert i Noreg, no med Gjøvik spelmannslag som vertskap saman med Mjøsmuseet. […]

På harpetreffet fortalde Jensen om korleis han oppdaga den norske harpa på Nordiska Museet i Stockholm, og korleis han fotograferte og tok mål av instrumentet. Sidan byrja han å kopiere både denne og andre harper. Jensen kom seinare i kontakt med byggjegruppa i Gjøvik spelmannslag og sette dei på ideen med å byggje harper. Langt over hundre harper er bygde på Gjøvik i seinare tid.”

(Knut Aastad Bråten i Bladet Folkemusikk 1/2011)